Jobbe hos oss :)

Godkjent-lærebedrift-logoDet søkes nå etter arbeidsleder og røkter på Sævareid. Annonse kommer ut en av de nærmeste dagene. :)

Det å ha gode medarbeidarar har vert nøkkelen til Sævareid Fiskeanlegg sin suksess i alle år. Me fokuserer difor på medarbeidarar med den riktige haldninga, gode kvalifikasjonar og god kompetanse. Sævareid Fiskeanlegg kan syna til eit godt arbeidsmiljø, med ei sunn blanding av erfaring, kompetanse og ungt pågangsmot. Stadige endringar i produksjonsvilkåra for settefiskproduksjon, stiller krav til fleksible og lærevillige medarbeidarar. Me legg difor stor vekt på ei profesjonell og personleg utvikling av våre tilsette.

Sævareid Fiskeanlegg er godkjend lærebedrift innanfor akvakulturfaget, og brukar også å ta inn elevar og studentar på utplassering. Dersom du kunne tenkje deg ei framtid innan akvakultur og har spørsmål om utdanning eller plass som lærling, er du velkomen til å ta kontakt i god tid.

 

Dersom du er på leit etter sommarjobb, kan det vere muligheit for det på Sævareid Fiskeanlegg, me tar inn sommarvikarar kvart år. Ta kontakt i god tid, og send helst ein kortfatta søknad.

Kontaktperson for sommerjobb og ekstrahjelp: Steffen :)

Øvrig kontakt: Gustav